Snakk så folk forstår!

Vi utviklarar kan mykje. Vi har eit vokabular med ord og uttrykk som gir meining for oss, og som gjer at vi kan kommunisere effektivt med kvarandre. Vi har eit stammespråk, i likskap med alle andre yrkesgrupper.

I kvardagen jobbar vi gjerne i team med andre utviklarar, og da bruker vi sjølvsagt stammespråket vårt når vi snakkar saman. Fint, flott og uproblematisk.

Det er eit menneskeleg instinktivt trekk å tenkje at det vi kan, det kan jo alle andre også, særleg om ting vi tenkjer er grunnleggjande. Og ekstra mykje når vi snakkar med folk vi oppfattar som like som oss sjølv.

Det vi iblant gløymer er at vi har andre folk i teamet, som har bakgrunn og kompetanse på andre felt enn koding. Vi har folk på teamet som kan testing, vi har ein designer eller to på teamet, vi har leiarar (typisk prosjektleiar, produktleiar eller teamleiar) og ikkje minst har vi folk som er gode på domenet vi lager systemet for — fagekspertar eller domeneekspertar, om du vil. Dei kan også masse, minst like mykje som oss utviklarar, men dei kan ting om sitt fagfelt, ikkje om vårt.

Da blir det fort framandgjerande om vi bruker stammespråket vårt når vi snakkar med dei. Det er ikkje verken rimeleg, fornuftig eller nyttig å tenkje at designeren vår kan alle fagtermane frå systemutvikling-fagfeltet. Det bør vi utviklarar ta innover oss, og bruke andre og meir folkelege termar når vi snakkar med dei, eller der det er formålstenleg forklare kva uttrykka vi bruker tydar.

Ingen liker å kjenne seg dumme, eller å få kjensla av at no skjønner eg ikkje kva du eigentleg seier, dette skulle eg sikkert ha visst, men det er ein situasjon vi utviklarar litt for ofte sett folk rundt oss i.

Tenk på når du snakkar med fastlegen din. Hen bruker ikkje medisiske faguttrykk når hen snakkar med deg, men bruker ord og uttrykk som du som ikkje-medisinar kan forstå. Dermed skjønner du kva hen seier, og forstår både kva problemet er og kva du bør gjera med det. Kanskje får du ikkje alle dei medisinske detaljane, men du får uavhengig av det informasjonen du treng for å veta kva neste steg er, og for å eventuelt kunne ta eit kvalifisert val.

Eller tenk på når du kjem bort til ein gjeng kjente som har eit anna morsmål enn deg. Sei at dei snakkar spansk, men det er ikkje eit språk du er stø i. Når du kjem bort til dei for ein prat, vil dei da slå over til norsk, enda det ikkje er førstespråket deira, sia dei vil inkludere deg i samtalen. Du vil setje pris på at du no skjønner kva dei seier, og at du no både kan lære av dei og å sjølv komme med dine bidrag.

Dette er inspirasjonskjelder vi utviklarar bør ha med oss når vi snakkar med kollegaar, vennar eller kjentfolk utan bakgrunn frå utviklingsfaget. Vi kan viss vi vil, prøver og er medvitne.

Av: Mads Opheim, Sjefsteknolog i Computas.


Snakk så folk forstår! was originally published in Compendium on Medium, where people are continuing the conversation by highlighting and responding to this story.